tirsdag, februar 07, 2006

Ut på tur aldri Sur!

I dag gjekk eg først ned på jobb, derfra drog eg til byen og tok meg ein lang tur. Der og da viste eg ikkje heilt kor eg skulle gå og heller ikkje heilt kor eg var før eg såg stedsnavna. Veldig praktisk måte å bli bedre kjent med byen på. Eg fikk så ein melding av Frøydis om eg ville møte ho og ta ein moca. Sia eg ikkje var heilt sikker på kva som var den kortaste vegen til byen tok eg bussen til Majorstuen.

Begynte så å gå nedover langs trikkesporet mot byen, planen var å hoppe på første trikken, noe eg forsåvit gjorde også. Men på grunn av uhel på t-bana tidligere på dagen var alle trikkene forsinka, mangen vil nok sei typisk Oslo Sporveier. Kan så være men trikkeføreren imponerte meg virkelig, sjølv om mangen av pasasjerene var iriterte og sure på ho takla ho det fint og informerte oss om kva som var grunnen til forsinkelsen. Eg bestemte meg for å rose ho når eg gjekk av sia eg syns ho fortjente det, ho vart overraska og fortalde at ho ikkje var vant med å få posetiv tilbakemelding. Kvifor er det slik fatt at vi er flinke til å kritisere folk men aldri rose andre når dei virkelig yter sitt beste?

Når eg omsider kom ned til byen møtte eg Frøydis og vi tok ein kafe sammen, før vi tusla litt i buttikker. Eg fikk omsider skaffa meg refleksvest, som kan være greit å ha når eg er ute å går om kvelden. Vi bestemte oss så for å gå til Helsfyr og ta bussen derfra. Ein alle tiders tur med eit fantastisk turselskap, med mye latter.