Når katta er borte dansar musene på bordet!
Kor mange gangar skal ein ting gjørast før den blir tradisjon? Eg kan godt forstå min far om han er skeptisk til å la mamma og meg være aleine i stua i romjula. Eg feirar jo bare jul heime anna kvart år, og dei to siste gangane har mamma og eg ein dag ommøblert stua. Det vil sei anten bytte om på møbler frå andre rom, eller demontert og monter på andre måtar det som er der. Eg syns det er ein alle tiders juletradisjon eg får muligheita til å gjøre noe eg trivest godt med, demontere og montere ting. Å ikkje minst gjøre noe som ikkje er så vanlig å ta seg til. Da mamma og eg syns det er greiast og starte med slik når vi er aleine venter vi til pappa er ute av huset ei stund og setter i gang, når han da kommer tilbake er det for seint og protestere. HEHE!


0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home